Lenes verden

Thursday, January 15, 2009

Blogging again?

Oooo. Dette er nesten som eksamen. Skikkelig nervepirrande. Det er vel nesten to år siden eg sist blogga noko. ( Er blogga fremdeles eit verb forresten, eller er det skikkelig 2006?)

Facebook tok liksom over, men eg har jo innsett at facebook bare er ein arena der ein spionerer på 400 av dei nærmaste vennane sine, kem e sammen, kem e gravid, kem har slått opp, som FOR ALL DEL er veldig nyttig informasjon, men det er ikkje ein arena der ein ytrer meininger og kvardagsanekdoter som resten av verden klarer seg strålande fint utan.

Så no skal eg inn på facebook å skriva Lene Fløysand Sylta is blogging again. Sjå på det som eit sosialt eksperiment. Om nokon andre enn Ingrid Janne legg igjen ein kommentar her, så skal eg fortsetta ;)

Friday, April 27, 2007

OK DÅ!

Eg hadde egentlig glømt heilt denne bloggen eg.

I blame Facebook.
Og Stian.
Grunnen til at ingen har sett meg de siste månedene er fordi eg har hatt fri frå skulen pluss et par andre faktorar:

Siden sist så har eg egentlig tilbrakt mesteparten av mine våkne (og sovende) timer med Stian. Og det er eg veldig fornøyd med :).

Eg har blitt 24 år gammal.

Eg har flytta ut på landet igjen.

Av ein eller anna merkelig grunn så er det mine medsammensvorne i Senterpartiet som rynker mest på nasa av at eg har flytta på landet igjen.
Til dykk har eg berre ein ting å sei:
SHUT UP!!! Eg gjer politikken vår om til praksis og desentraliserer meg sjølv!!! Hadde fleire gjort det så hadde verden vore ein betre plass!!!

Dessuten pendler eg med kollektiv transport.

Tuesday, February 27, 2007

Tid

Eg skal ha eksamen i morgon. Det har eg ikkje særleg lyst til. Derfor er eg på partikontoret i dag og gjer dei siste forberedelsane.
Eg liker å vere på kontoret når eg har det travelt. For på kontoret går klokkene ein time seinare enn alle andre klokker. Derfor får eg aldri betre tid når eg er er på kontoret.
Dette fungerer heilt fint.
For vekkerklokka mi stiller eg alltid på halv sju. Og vekkerklokka mi er ei av dei alle andre klokkene.

Monday, February 19, 2007

Den dagen eg fekk first price til middag....

Det beste med å vera heima på Hundvin og ha lesedagar er at ein får ferdig servert god middag kvar dag.
I dag var unntaket.
I god tru sat eg meg ned med bordet. Tok poter og salat på tallerkenen. Eg såg pappa setta skeia ned i fiskegratengen, og tenkte med ein gong at her er det noko som ikkje stemmer.
- Det der er ikkje findus god gamaldags fiskegrateng? seier eg.
- Nei... Seier Pappa.
Bror min, Stian, ser vantru på han og seier med angst i røysta:
-Kva merke er det då?
- First price, svarer mamma.
Eg og Stian ler høgt.
- Slutt og kødd, seier eg.
- Det er sant, Dei kosta 10 kroner stykke, seier mamma. Men eg høyrer at ho angrar ho og.
- Både eg og Stian ser vantru på den dirrande blaute massen. Men me tar no eit par gaflar.
Eg ser opp på mamma og pappa og seier alvorleg til dei,
- Lov meg at de aldri meir gjer dette.
Dei ser på oss og nikkar. Dei har forstått.
- Lurer på om katten vil ha det, seier Pappa.

Det ville den ikkje.

Sunday, February 04, 2007

Trendy fjell?



Eg las i VG at "nå er fjell blitt trendy".
Seriøst?
Fjell er vakre, storslåtte og mykje, mykje meir. Men fjell er ikkje trendy.
Er det liksom meininga at alle Caffe Latte- drikkarane skal bytta ut kafè-stolen med den Norske fjellheimen berre fordi det er trendy? For det gjer dei faktisk. Rett på G- Sport for å kjøpa dei nyaste Bergansjakkane og blomstrete turstavar.

Går det an å ha med seg Caffe Latte på termos? Og kjem dei til å ta med seg sjokolade frå Moliere i stadenfor kvikk lunch?

ARGH! Eg blir gal av slike trendkåte folk. Sånne som kjøper sofaputer og potteplantar for at dei skal snakka i lag. Som har abstrakt og moderne kunst på veggen. Det er ein svart strek på eit kvitt lerret. Det har alltid vore ein svart strek på eit kvitt lerret, og det kjem alltid til å vera ein svart strek på eit kvitt lerret. Streken har ingen skjult agenda eller hemmelig bodskap. Streken vil ikkje fortella deg noko. Det er ein svart strek.

No skal eg snart ta på meg spygrøne støvlar og ein fleecejakke kjøpt på Obs`n og gå ut på tur i skogen. Kanskje den blir trendy neste år.

"Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til."
- Olav Duun